Formidlinga av det internasjonale forskingsprosjektet MAR-ECO, mellom anna i form av ein NRK-produsert dokumentar, blei onsdag 7. mars tildelt EU-kommisjonens Descartes-pris på 50.000 euro.
NRKs Gry Beate Molvær var i Brussel for å representere NRK under utdelinga og gallaen onsdag kveld.
- Vi får prisen for utradisjonell formidling av forsking og for mangfaldet i bruk av medium, fortel Molvær.
Formidlingsprosjektet inneheld, i tillegg til NRKs ein time lange dokumentar, nettsider, eit undervisingsopplegg for skuleelevar og kunst av den norske biletkunstnaren Ørnulf Opdahl.
Forskingsprosjektet MAR-ECO er det største i sitt slag i nyare tid og har kartlagt livet i havdjupa i verda. Personar frå seks ulike land har deltatt, men prosjektet er leia av Havforskingsinstituttet i Bergen.
NRK-dokumentaren Havland, vist på NRK 25. desember 2004, handlar om kunstnaren Ørnulf Opdahl, som blir med på tokt til den Midtatlantiske ryggen for å måle og fotografere. Opdahl synte fram desse bileta på Henie Onstad kunstsenter i 2005.
Filmen er sidan omsett til fleire språk og inngår altså no i formidlingsprosjektet for MAR-ECO. Prosjektet legg no ut på turne kring i Europa og USA.
Kilde og Foto: NRK
|
|