Vil endre loven om kringkasting

TKulturdepartementet sender i dag på høyring eit framlegg om endring i kringkastingslova og kringkastingsføresegna. Høyringsnotatet inneheld fleire framlegg til oppmjuking av lovverket om reklame og sponsing, med det som mål å betre konkurranseevna og finansieringsmuligheitene til norske kommersielle kringkastarar.

- Norske kommersielle kringkastarar konkurrerer i ein global marknad. Det er difor viktig å sørge for gode rammevilkår som kan bidra til å oppretthalde eit mangfald av norske kringkastarar, seier kulturminister Thorhild Widvey

Norske fjernsynskanalar konkurrer med utanlandske kanalar som i mange høve er underlagt meir liberal reklameregulering. Dette gjer at utanlandske tv-kanalar får eit konkurransefortrinn, fordi regelverket i andre land gjennomgåande er meir liberalt enn det norske. - Ei oppmjuking av reklamereglane i tråd med reguleringa i andre EØS-land vil bidra til å styrke dei norske kommersielle kringkastarane si konkurranseevne, seier Widvey.

Høyringsnotatet inneheld desse framlegga til endring av kringkastingsregelverket: · Høve til å ta i bruk nye reklameteknikkar, som reklame på delt skjerm og virtuell reklame. · Oppheving av regelen om at reklame ikkje kan overstige 15 prosent av dagleg sendetid. · Mindre detaljerte reglar for reklameavbrot. · Opning for identifikasjon av sponsor i program, enkeltinnslag i program og i programtrailerar. Oppheving av kringkastingslova § 3-5

Mer om Diverse Kilde og Foto: Kulturdepartementet

16.12.2015 - TVNYTT.NO - Kyrre Dahl ---- Følg oss på Twitter

Annonse