Annonse

Slik blir fotball-EM på TV

01.06.2015 - TVNYTT.NO - Kyrre Dahl ---- Følg oss på Twitter og Facebook

NRK sender EM-finalen og alle Tysklands kampar i gruppespelet, medan TV 2 har opningskampen og begge semifinalane. – Vi er sjølvsagt glad for å ha finalen på NRK, seier redaksjonssjef for event i NRK, Janne Fredriksen. Avspark for årets fotball-EM går fredag 10. juni.

Det er andre gong NRK og TV 2 sender frå eit fotballsluttspel saman. Sist var VM i Brasil i 2014. – Tilbakemeldingane den gong var veldig positive frå alle hald. No ser vi fram til å attskapa suksessen saman med NRK og servera det ypparste frå internasjonal fotball til det norske folk, seier sportssjef i TV 2, Vegard Jansen Hagen.

For NRK skal Carina Olset leda sendingane frå Kontraskjæret saman med fotballekspert Lise Klaveness og andre gjestar. Kommentator-para i Frankrike vert Christian Nilssen/Tom Nordlie og Andreas Stabrun Smith/Bengt Eriksen. For TV 2 skal Julie Strømsvåg og Erik Thorstvedt leia sendinga, medan Øyvind Alsaker og Kasper Wikestad kommentera kampane i Frankrike. Dei får med seg Petter Myhre, Egil «Drillo» Olsen og Brede Hangeland som ekspertar.

Kanalane har fordelt kampane med 28 til TV 2, medan NRK skal sende 23 kampar på TV. I tillegg vert alle kampane sendt direkte på NRK sine radiokanalar, fordelt på NRK P1 og NRK Sport på DAB.

Mer om NRK Kilde og Foto: NRK/Pixabay

---- Følg TVNYTT.NO på Twitter og Facebook

Annonse